Noregsmeistrar frå Tysnes

Publisert av:
14/8/2016 05:33

13. august vart Olabil NM arrangert i Torshovdalen.
Årets løype var nøyaktig 530 meter, og hadde ei fall høgde på ca 20 meter.

 

 

Arrangørane er svært nøgde med årets NM. Det vart eit vellukka arrangement med publikumsrekord og mange fantastiske bilar og sjåførar. 

 

Her går det unna i svingen!

 

GULL!

Tysnesingane Knut Jørgen Nesland og Sjurd Sandvik Pedersen gjekk av med sigeren i Juniorklassen med bilen Il Tempo Gigante.

 

Olabil NM er for aldersgruppa 7-17 år, så dette er siste gongen desse to gutane deltek.
-Men det kjem nok nye sjåførar til som vil konkurrara med bilen……

 

 

 

Foto: Børge Pedrsen