Hordalands flottaste ferjetur

Publisert av:
5/8/2016 11:09

Denne sommaren har NRK Hordaland ei kåring der dei skal avgjere kva ferjestrekning i Hordaland som er den flottaste.

Det er NRK-reporter og ferje-entusiast Oddgeir Øystese som har reist rundt i fylket og testa alle dei 19 ferjestrekningane.

I dag vart vurderinga av strekninga Halhjem – Våge presentert med den flotte overskrifta “– Alle elskar ferja”. Passasjerane på ferja MF Selbjørnsfjord hadde mange positive tilbakemeldinga på overfarten.

Totalt sett gjev NRK reportaren 22 poeng til ferjestrekninga.
Overfart og kai får 6 poeng, Fartøy MF Selbjørnsfjord, 6 poeng, service og fasilitetar 5 poeng og når det gjeld nostalgi og oppleving vart det 5 poeng.

Med sine 22 poeng hamnar Halhjem – Våge på  ein fjerde plass!

Heile NRK reportasjen finn du på NRK.no