Di meining

Publisert av:
3/8/2016 12:41

 I «Di meining» har vi stilt spørsmålet:
«Kvifor bur du på Tysnes?»

Alternativa «Får ikkje lov å flytta endå.» og «Fred og ro. Flott natur.» fekk nesten like mange stemmer

Det kom inn 226 stemmer frå dei som ikkje får lov å flytta endå, og 219 stemmer frå dei som likar freden, roen og den flotte naturen.

Stemmefordelinga var jamn mellom alternativa «Stress å kjøra traktor i bydn» og «Bur ikkje/ har ikkje hytte på Tysnes», desse alternativa fekk 60 stemmer kvar.

«Jobb/ partner førte meg til øya» fekk 46 stemmer, «Trivelege menneske» 33 stemmer og «Samholdet i lag og organisasjonar» 13 stemmer.

 

Vêret siste vekene har vore begredelig, og det ser heller ikkje ut til å bli betre den nærmaste tida om ein skal lita på meteorologane. Det er lita trøst i at temperaturen i juli har vore høgare enn normalt.

 

Så då lurer vi denne gongen på: Kva meiner du om «sommarvêret»?