Pilgrimsvandring
1/8/2016 16:00
På slutten av 1800-talet gjekk konfirmantane frå Onarheim til Tysnes kyrkje som då låg på Todneset på garden Tysnes for å få konfirmantførebuinga si der, fortel Tore Økland.
Her er biletglimt frå årets pilgrimsvandring!

Under årets vandring mot Onarheim kyrkje var det 10 personar som starta ferda frå Tysnes kyrkje, 4 personar + 1 hund starta frå Tysnes skule, og 3 personar gjekk frå Solheimsdalen.

Undervegs var det eit par små regnbyger før ein kom til Onarheimsvatnet.
Det var vått-vått-vått i myrane!




Betre vêr i år…..
Av deltakarane i år var det 4 stykker som i fjor fullførte i lyn, torden, regn, hagl og solskin i fjor, desse var samde om at veret var mykje betre i år, sjølv om myrane var våtare i år… Desse var: Annlaug og Jens Flornes, Kristin Kielland Haug + pilgrimsførar Tore Økland.
Ved Seløystova venta flokkførar Nils Kåre Myklebust, som også tok imot gjesteprest Aksel Lygre.

Foto: Tore Økland