Turorientering 2016

Publisert av:
1/6/2016 10:04

Det er lagt ut 21 postar med varierande vanskegrad både med omsyn til terreng og avstand.

Turorienteringa er eit samarbeid mellom alle idrettslaga på Tysnes, og er såleis det einaste idrettsarr. i kommunen der alle idrettslaga gjer ein jobb i lag.

I fjor vart det seld om lag 50 konvoluttar med turorienteringsmatr. Det er truleg fleire brukarar pr konvolutt så talet på turorienterarar er nok mange fleire.

Fjellinteressa er sterkt aukande på Tysnes. . Det er flott! I vår kom det tilbod frå treningsentra på Tysnes om å samla «topp-poeng» Eit flott tiltak!

Frå helga av vert det altså råd å kopla toppturar med turorientering, det burde verta ein bra «friluftspakke»

Konvoluttar kan kjøpast på følgjande stader: Bruntveit Handel , Joker Uggdal, Joker Årbakka, Esso, Bunnpris Lunde, Svingen Puls.

Eg vil retta stor takk til alle som gjer denne salsjobben for oss utan vederlag . Utan dykkar innsats hadde me ikkje fått dette til.

Så til slutt . God tur i Tysnesfjellheimen!

Helsing
Turorienteringsgruppa
v/Sigurd Bjordal