Rekord rundt Fiskevatnet
29/5/2016 07:58
– Vi må le litt av véret, når det i 14 dagar skal vere sol og so, bare i 1 time, regnar det under Fiskevatnet Rundt, seier ein av arrangørane; Rune Asbjørnsen.
Trass véret kom likevel mange born og vaksne til dette spesielle mosjonsløpet som kårar ein vinnar på idealtid rundt det idylliske Fiskevatnet i Lunde.
Laurdag ettermiddag møtte heile 26 born opp saman med mange vaksne, for ta den timeslange turen rundt Fiskevatnet.
– Fiskevatnet Rundt er spesielt fordi vi på førehand set ei «hemmeleg» idealtid. Målet er å kome nærmast mogleg denne tida, forklarar Geir Eikenes som saman med Asbjørnsen har hytte på Vassneset i Lunde. I fjor var idealtida 50 minutt og i år var den på 49 minutt.
Raskast rundt Fiskevatnet var dei to gutane Henrik Meltzer Asbjørnsen og Martin Bjørkly som sprang på rekordraske 39 minutt. Gutane var spent på om dette var årets idealtid.
Det vart imidlertid jentesiger i år med Marie Bjørkly og Camilla Østensen som begge kom inn på 48 minutt. Hovudpremien var kvar si fiskestang.
Alle fekk medalje og heile 80 pølser på grillen måtte til for å mette svoltne mosjonistar.
– Vi satser Fiskevatnet Rundt i 2017 også, sier dei to arrangørene som synes det er kjekt at så mange born vil vere med på arrangementet.