Motiverande sykkeltime
15/4/2016 08:43
Torsdag 14. april var SvingenPuls så heldige at dei fekk besøk av sykkellegenda Dag Otto Lauritzen på ein sykkeltime.
Dette var til stor glede og inspirasjon for alle som deltok. Treningstimen var eit initiativ frå Tysnes Sparebank, Tysnes Kraftlag og SvingenPuls. I tillegg til tilsette ved desse tre bedriftene, fekk to av medlemmmane ved SvingenPuls gleda av å delta på sykkeltimen.
Dag Otto Lauritzen vitja Tysnes i samband med foredraget han held i Grendatun om motivasjon og korleis han har nådd måla sine. Tysnes Sparebank og Tysnes Kraftlag stod for arrangementet som var eit gratistilbod for alle tysnesingar.
SvingenPuls instruktørane var strålande fornøyde etter sykkeltimen, og ynskjer å retta ei stor takk til Tysnes Sparebank og Tysnes Kraftlag for eit strålande arrangement og eit flott initiativ!
🏻👍🏻😀