Wrestlingshow
5/4/2016 18:00
Wrestling er actionfylt sportsunderhaldning, og publikum kan sjå fram til eit spektakulært show spekka med knall og fall, stunt, humor og spenning. Til Tysnesfest kjem nokre av landet sine beste og mest fargerike wrestlarar. I hovudkampen vert det tittelkamp med meistertittelen i Norsk eliteWRESTLING på spel.
Sjølv om mange har sett wrestling på TV, er det noko heilt anna å oppleva wrestling LIVE med denne spesielle atmosfæren kring showet. Tilskodarane vert oppmoda til å heia på favorittane, bua ut dei mindre sympatiske wrestlarane, og applaudera og jubla når wrestlarane kjemper mot kvarandre i wrestlingringen.
Norsk eliteWrestling skal syta for ei publikumsvennleg showoppleving som du ikkje vil gå glipp av! Etter showet vert det autografskriving og høve til å ta bilete saman med nokre av wrestlarane.