Lesarinnlegg
15/3/2016 16:46
Ærlege vedtak om akuttkirurgi
17.mars skal Stortinget vedta Nasjonal helse- og sjukehusplan. Høgre, FrP, Venstre og Ap er einige om at akutt kirurgi ikkje skal vere et krav til alle sjukehus. Stord sjukehus blir eit såkalla akuttsjukehus. Det betyr at sjukehuset kan ha akuttkirurgisk beredskap, men ikkje at det skal ha det.
Den Norske Legeforening åtvarar mot forslaget. Dei meiner at kombinasjonen av spesialitetane indremedisin, kirurgi og anestesi er ein føresetnad for god fagleg kvalitet på diagnostikk og behandling av akuttpasientar i sjukehus. I tillegg må sjukehus sikrast radiologi- og laboratorietenester. Høgre, FrP, Venstre og AP overser slike faglege råd.
Fleirtalet meiner at akuttkirurgi kan vidareførast dersom kvalitet – og pasienttryggleiken vert ivaretatt. Dette er ingen garanti. Då Rjukan og Kragerø sjukehus blei lagt ned, skulda ein nettopp på omsynet til kvalitet og pasienttryggleik. Men alle visste at den eigentlige grunnen var draumen om sentralisering og førestillinga om å spara pengar. At fleirtalet meiner at sjukehus utan akuttkirurgi likevel kan ha ansvar for kirurgisk beredskap, er heller ikkje truverdig. For korleis kan legar vurdere alvorlege tilfelle samtidig som dei skal nektas å jobbe med akutte hendingar?
Senterpartiet fremmar derfor føljande forslag i Stortinget : «Stortinget ber regjeringa sikre at Stord Sjukehus vidareutviklast som eit fullverdig lokalsjukehus med minimum døgnberedskap i akutt indremedisin, kirurgi, anestesi, røntgen og laboratorietenester og styrkas gjennom betre oppgåvefordeling og samarbeid i helseregionen.» Ingen fødeavdeling skal leggas ned.
Høgre, FrP, Venstre og Ap vil overlate til helseføretaket å ta avgjerda om Stord Sjukehus skal ha akuttkirurgisk beredskap, eller ikkje. Dette er uakseptabelt. Stord Sjukehus er eit viktig sjukehus som yter pasientbehandling og beredskap med god kvalitet. Det representerer ein tryggleiksfaktor for både lokalsamfunn og næringsliv. Ryk akuttkirurgitilbodet her, betyr det ei sterk svekking av pasienttilbodet i Sunnhordland.
Norsk sjukehuspolitikk treng no ærlege politiske parti , som sluttar med omtrentlege og tolkbare formuleringar. Folkevalde må ikkje lenger få skjule seg bak helsebyråkratane i føretaksstyra. Det er Stortinget om skal bestemme over vesentlege endringar av sjukehustilbodet vårt. Det handlar om sjølve grunnmuren i vårt solidariske helsevesen, nemlig retten til likeverdige helse- og sjukehustilbod i heile landet.
Kjersti Toppe
Stortingsrepresentant Senterpartiet
1.nestleiar, helse- og omsorgskomiteen