Superstjerne til Tysnesfest
24/2/2016 08:00
Arrangørane av Tysesfest er svært glad for å presentera ei vaskekte amerikansk pop-dronning!
Laurdag 09. juli under Tysnesfest vert kanskje den einaste sjansen til å få med seg fyrverkeriet Anastacia på scena i Norge i 2016.
Anastacia har vore i toppen av hitlistene med mange enorme hits sidan ho i år 2000 kom ut med sitt debutalbum «Not That Kind» og allereie året etter med «Freak of Nature». Når ho i 2004 slapp albumet «Anastacia» markerte ho seg verkeleg i pop-verda og fekk strålande kritikkar frå ei samstemt presse.
Anastacia har vunne prisar som MTV Europe Music Award for “Best Pop”, World Music Award for “Best New Artist” (2001) og ECHO Awards for “Best International Newcomer” og “Best International Female Singer».
Anastacia har i løpet av si karriere selt utrulege 30 millionar album på verdsbasis!
Den 47 år gamle Anastacia – som dei siste åra har kjempa ein vellukka kamp mot ein alvorleg kreftsjukdom – kom i fjor ut med albumet “Ultimate Collection” med både nye og gamle låtar som viser at ho framleis er ein svært aktuell artist.
Denne klassikaren får vi forhåpentlegvis høyre på Tysnesfest
[youtube]uzR5jM9UeJA[/youtube]
Andre artistar som er klare for Tysnesfest 2016:
Sondre Justad, Lars Winnerbäck, Alphaville, Gabrielle, Halvdan Sivertsen, Bernhoft & the Fashion Bruises, Dumdum Boys, Karpe Diem, Broiler, Sigrid Moldestad, The Main Level og DJ Friendly