Dramatikk før barokk-konserten
28/7/2015 11:36
Den som berga konserten er Ingrid Eriksen Hagen (37). Ein kapasitet både på cembalo og barokk musikk.
Ingrid Eriksen Hagen har hovudfagsutdanning på cembalo frå Griegakademiet i Bergen, og har også hatt studieopphald ved det Kongelege Konservatorium i Haag, Nederland. Frode Thorsen og Patric Aurton er blant cembalo-lærarane ho har hatt.
Ingrid E. Hagen var med på å stifta dei to ensembla «Via Galante» og «Trondheim Barokk». Ho har også vore musikalsk leiar for barokkopera-ensemblet Norsk Tidligmusikkteater og tek aktivt del i konsertseriane til Foreningen Antikk Musikk, der ho også er styremedlem.
Ho har vore aktivt med i musikklivet i Bergen og har m.m. spelt med Bergen Barokk, Currentes, Lux Borea og Bergen Bachsolister; ho har spelt i Norsk Barokkorkester, Barokksolistene og med koret Grex Vocalis. I tillegg kjem dei fleste norske symfoniorkestra, m.a. det i Kristiansand der ho to gonger har vore solist – også saman med Arve Tellefsen.
Sidan 2006 har ho i periodar undervist ved Griegakademiet i Bergen der ho som kuststipendiat for tida konsentrerer seg om klavermusikken til C.P.E. Bach.
Tekst: Alf Terje Myklebust