Publisert av:
17/5/2015 15:32
Fellestoget i Våge
På trass av usikre meldingar på været stilte svært mange. Det byrja bra med opphaldsver, men midtvegs i toget kom det styrtregn.
[youtube]mRT2G_BNrcI[/youtube]
Då var det kjekt å komma inn i Tysneshallen og varma seg på kaffi, varm mat og eit bugnande kakebord!
Knut Rage haldt dagens tale, eit kjekt historisk tilbakeblikk der ein og vart minna på at også Tysnesingar har delteke i viktige slag for nasjonen opp gjennom tidene.
Etter talen og musikk frå barnehagane, skulen og musikklaga, var det klart for leikar ute. Då hadde det heldigvis slutta å regne, og etterlengta solstråler kome fram!
Foto: Ole Johannes Støle