Det vert nok ikkje politeam på Tysnes

Publisert av:
2/4/2015 06:35

Norge skal gjennom ei politireform som regjeringa nyleg har vedteke.

Detaljane i reforma er ikkje på plass, og ein veit enno ikkje heilt korleis dette vil påverke oss på Tysnes.

I går skreiv me at ein del av reforma innebar at private, bygdelag og organisasjonar no skulle overta drifta av lensmannskontora, organisert i «politeam».

Dei som vart noko bekymra av denne meldinga, kan trøyste seg med at dette var ein aprilspøk frå Tysnesingen.no

Ein del av reforma inneber at fleire av oppgåvene som politiet har i dag skal overførast til private aktørar. Men heilt sikkert ikkje i så stor grad, og på det viset som ein kunne lese på Tysnesingen.no i går!