Påsketurnering

Publisert av:
1/4/2015 10:45

Turneringa var opprinneleg sett opp på torsdag 2/4 kl. 11.00.

Nytt tidspunkt: Fredag, 3/4 kl 14.00

Utsettinga skuldast snø/frost på banen fortel Tysnes Golfklubb til Tysnesingen.no
Golfklubben ber folk følge med på tysnesgolf.no for meir informasjon.

 

Texas Scramble over 18 hol med HCP.

Tysnes Golfklubb satsar på at yr held det dei lovar og at ein får ein flott golfdag i fint vårver.

Kvart lag består av to personar, og speleforma er “Texas Scramble”.

Det blir ikkje noko påmeldingsavgift, og premieringa blir heder og ære til vinnarane pluss ein KvikkLunsj på deling.

For meir info sjå tysnesgolf.no.