Vil du vere rettleiar i RØFF?

Publisert av:
29/3/2015 19:33

Røde kors friluftsliv og førstehjelp (RØFF) er ei satsing for ungdom, der ungdommane lærar førstehjelp, korleis klare seg i naturen, å søke etter savna, lage gapahuk, tenne bål m.m.

RØFF søkjer fleire rettleiarar.

Me ser etter personar over 18 år som synest RØFF er eit godt tilbod for ungdommar, og som kan tenke seg å bli med på laget som rettleiar.

Det er RØFF-samlingar på torsdagar kl 17.00 annakvar veke (oddetalsveker) gjennom skuleåret.

Som rettleiar kan ein stille på nokre aktivitetskveldar, og det er ikkje krav om at ein kan bli med på kvar samling.
Det er ein fordel om ein trivast med ungdommar og har ei interesse for friluft eller førstehjelp.

Me kan tilby:
– Kjekke aktivitetar.
– Eit brett spekter av kurs innan Røde Kors.
– Frivillig arbeid innan ein godt etablert humanitær organisasjon.

For meir informasjon, ta kontkat med:
Nina (98813515),  
Ann Helen (47332812) eller
Øyvind (92832121)