Gøy på Cup!

Publisert av:
17/3/2015 09:24

Alle kampane i Åsane cupen vart gjennomført i Vestlandshallen. Sjølv om været denne dagen kanskje freista meir til å vere ute enn inne, la ikkje det nokon dempar på innsatsen til gutane. Begge laga viste fin innsats i alle kampane, og dei fekk ein flott cup debut.

Njardar 1 vann sine tre kampar som dei spelte mot Flaktveit Flaggermus, Hovding Hvit  og Kalandseid. 

Njardar 2 spelte uavgjort mot både Sædalen Orkan og mot Osterøy. Siste kampen mot Tertnes Delta vart siger.

Gunnar Hansen som er trenaren til laget, har allereie meldt dei på fleire cupar framover mot sommaren.