Publisert av:
23/2/2015 09:45
Sommeråpent til kai i fleire nabokommunar
Å nytte skipet MS «Sjøkurs» til eit seilande tv- og radiostudio var svært vellukka for NRK sommaren 2013. Mange møtte opp på Lukksundbrua for å ta del i hendinga då konvoien for forbi. I år gjentek dei suksessen. Søndag 21. juni startar reisa langs norskekysten i Vadsø. 15. august er reisa over med siste sending i Oslo.
Sjølvsagt hadde det kjekkaste vore om dei hadde lagt til kai på Tysnes, men når det ikkje skjer kan ein fylgja båten på deler av ruta, eller besøka ein av nabokommunane for å fylgja sendinga direkte. Her er tidspunkta for når “Sommeråpent” legg til kai i områda rundt oss:
Os 18. juli
Odda 21. juli
Ulvik 22. juli
Bekkjarvik 23. juli
Leirvik 24. juli
Haugesund 25. juli