Ivrige kursdeltakarar fylte Tveit Grendahus

Publisert av:
27/1/2015 16:48
Nesten 40 lærelystne deltakarar møtte opp, då Tysnes Bondelag og Tysnes Bonde- og Småbrukarlag, i samarbeid med Landbruksrådgivninga Hordaland, arrangerte Autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmidler.
Autorisasjonsbeviset gjeld for 10 år om gongen, så mange av kursdeltakarane var “gamle travara” skulle fornye beviset sitt for andre gong, men det var òg ein del “ferskingar” som skulle ta beviset for fyrste gong.
Ordninga med at ein måtte ha eit autorisasjonsbevis for å få kjøpa og bruka plantevernmidlar vart innført i 1995. Dette vart gjort for at den som skulle bruka plantevernmidlar bl.a skulle bli meir bevisst på skadeverknader plantevernmidla kan ha, både på helse og miljø.
 
Tysnes Bonde- og Småbrukarlag arrangerte Autorisasjonskurset for fyrste gong då beviset vart innfør,t og eit nytt kurs i 2005, då mange skulle ha fornying.
-Så ein kan no kalla det ein tradisjon at kurset vert arrangert kvart 10ande år.
 
Det var Henrik Tellevik, frå Norsk Landbruksrådgivning Hordaland, som hadde det faglege ansvaret for kurset.
Første temaet han tok opp var integrert plantevern. Integrert plantevern vil sei at ein i størst mulig grad nyttar seg av andre tiltak enn kjemiske midlar, til å bekjempa ugras, skadedyr og sjukdomar på planter. Dette kan bl.a vera å bruka friskt plantematreiale, vekstskifte, biologisk og mekanisk  bekjempelse.
Andre temaer var: Kva er eit plantevernmiddel, godkjenning og bruk, plantevernmidler- helse og miljø og sprøyteutsyr.
Undervegs måtte kursdeltakarane også løysa oppgaver der ein bl.a skulle berekna kor mykje sprøytemiddel ein skulle bruka.
 
Dagen vart avslutta med eksamen for dei som skulle fornya beviset sitt.
Mens for dei som tar autorisasjonsbeviset for første gong, var dette berre første del av opplæringa. Så me ynskjer dei lykke til på dag 2, som er ein praksisdag, der dei går nærmare inn på sprøyteutstyr og på Helse Miljø og Sikkerhet, før dei avsluttar med ein eksamen.
Tekst og foto: Jens Rasmus Tveit