Banken reduserer renta
8/1/2015 16:56
Norges billegaste boliglån.
For kundar som oppfyller kriteriane for Tysnespakken vil lågaste rente verta 1,95% p.a. For kundar som er utanfor desse kriteriene er lågaste bustadlånsrente 2,95% p.a.
Reduksjon på innskot og utlån
Tysnes Sparebank reduserer renta på utlån med opptil 0,40%. Etter at Norges Bank reduserte renta har sparebanken på Tysnes vedteke å redusera renta for å vera blandt dei beste bankane i vår region.
Innskotsrenta vert også redusert.
Rente-endringane for utlån og innskudd vert iverksett ultimo februar 2015 for eksisterande kundar.
Banken ynskjer å kunna tilby kundar i regionen ei god rente kombinert med bankens personlege og kundetilpassa service. Veksten banken har hatt det siste året er større enn forventa. Kundar som ynskjer ein tilgjengeleg bank med evne til å finne smidige løysningar på ulike finansielle behov ser mot den frittståande lokale sparebanken der beslutningar vert tatt lokalt.
Tysnes Sparebank er den einaste lokalstyrete banken i regionen Sunnhordland, Hardanger og Os/Fusa. Responsen banken har fått på service-konseptet er svært god. Over 500 nye kundar har funne vegen til Tysnes-banken dei 12 siste månadane
Tysnes, 8. januar 2015
Banksjef
Dag Sandstå