Informasjon om vasslekkasje i Våge
13/12/2014 14:29
Arne Leite i Tysnes Vasverk informerer Tysnesingen.no om at det natt til laurdag vart det gjort lekkasjesøk utan at den store lekkasjen vart lokalisert.
Grunna mykje nedbør og stor vassføring i veiter og drenering, vart ikkje målingane nøyaktige nok. Det er no planlagt søk med meir avanserte instrument som er venta å vera klart måndag.
Tiltak som vert gjort i dag.
Det vert i dag lagt ein provisorisk vassleidning slik at brukarar i bustader som framleis er råka vil få vatn i springen i løpet av laurdagen. Dette vil vera nok til å levera toalett og kaffivatn, men sansynlgevis ikkje nok trykk til å levera dusjevatn til mange på ein gong. La kaldtvatnet renna! Når det mellombelse løysinga er på plass, er det venta at vatnet vil vera brunt ei stund.
La det kalde vatnet renna ei stund, slik at ein unngår å få dårleg vatn inn på varmtvanns beredarar seier Arne Leite.