Kontroll på M/F Hordaland

Publisert av:
30/8/2014 12:21

I fleire timar i formiddag hadde to Securitas vakter billettkontroll på ferga M/F Hordaland på sambandet Hodnanes – Jektevik – Nordhuglo.

Resultatet etter endt kontroll var oppløftande då samtlege reisande hadde gyldig billett.

Norled melder at Ferga M/F Hordaland skal gå i sambandet i nokre veker medan M/F Folgefonn vert ombygd til hybrid-drift.