Publisert av:
20/6/2014 06:16
Galleriet på Breidablikk
Laurdag 21. juni opnar Galleriet på Breidablikk sommarsesongen, med grafikk og akvarell av Magne Kjellesvik, rosemåling av Marianna Heggland Brungot, forutan utstilling og sal av dokker i folkedrakter laga av Britt Kjellesvik Rage. Dokkene hennar har fått mykje merksemd både i inn- og utland, seinast i siste nr. av bladet “Bunad”. Galleriet har også ein galleributikk med ein masse artige handlaga saker.
Under Tysnesfest vert det i tillegg ei eiga utstilling med Norunn Træland Stene sine bilete – “Norunnimals”. Galleriet held ope kvar laurdag og søndag heile sommaren.