Bassenget opna denne veka

Publisert av: Vegard Aslaksen
23/10/2019 20:38

Etter eit litt forsinka vedlikehaldsarbeid blei bassenget opna att denne veka. På fredag startar familiebadinga i regi av Tysnes Symjeklubb. Familiebadinga held fram kvar måndag og fredag fram til og med 20 desember før det blir eit opphald i juleferien.

Den siste tida har det blitt byta ut lysarmatur i heile himlinga. Dette måtte gjerast før ein fylte vatn i bassenget då ein måtte rigga stillas for å få utført arbeidet. Resultatet er blitt rett så bra!

Sunniva Olsson Aslaksen terpar på crawlteknikken på “Sjøløvekurset”

 

Symjekursa til Tysnes Symjeklubb har også starta opp att denne veka. Både den offentlege badinga og symjekursa følgjer skuleruta.

Tider for den offentlege badinga måndagar og fredagar:

1730 – 1815 Familiebading
1815 – 1900 Familiebading
1900 – 1945 vaksne (16 år +)