G16. Bremnes 7ar – Njardar/Tysnes 4 – 5

Publisert av:
2/6/2014 05:42

To gonger i kampen hadde Njardar/Tysnes tomålsleiing, men Bremnes utlikna både til 2-2 og 4- 4. Midt i andre omgang gjekk Njardar/Tysnes opp til 5 – 4, og dette heldt kampen ut. Bremnes hadde minst. like mykje av spelet som Njardar/Tysnes. Njardar/Tysnes starta med to bak, men la om til tre bak etter pause. Midtbanen vart pressa bak på banen noko som var første gong i år. Godt spel av Ørjan i midtforsvaret og Martin i mål hindra fleire baklengsmål. Njardar/Tysnes hadde fleire sjansar som burde gjeve mål, men denne gongen var gleda at ein kunne reisa heim med tre poeng. 10. klassingane var i England så Njardar/Tysnes spelte med litt redusert lag.

Desse scora: Jonas 2, Ørjan, Erik og Håkon.

Desse var med: Martin Bakke, Sondre Flygansvær, Kenneth Dalland, Ørjan Pettersen, Erik Enes, Jonas P. Fosså, Håkon Knudsen og Geir Andre Traavik.