Publisert av:
19/4/2014 05:22
Basar i Skorpo skjærtorsdag
Veret i år var særs lageleg for basar, og folk møtte opp i hopetal. Det var annonsert at basaren skulle starta klokka 15.00, men mange møtte opp ein time før for å sikra seg ein god plass og drøs med naboar og kjenningar. Alt no var det òg råd å ”ta lodd på bøkene”, noko dei fleste nytta høvet til.
Basaren starta med song og like etterpå var åresalet i gang. Det var tre omgangar med åresal før pause med kaker og kaffi og saft for dei som ville ha det. Deretter var det to omgangar med åresal og trekkjing av gevinstane på bøkene. Og jammen glytta sola inn glaset like før slutt, så avsluttingssongen i år vart ”Fager kveldsol smiler”, fire vers som dei fleste kunne syngja med på.
Neste basar vert til sommaren, 19. juli.


Tekst/foto: Harald Skorpen