Tysnesfest 2014

Publisert av:
26/3/2014 17:00

HENNING KVITNES og Gutta i Bandet

Henning Kvitnes er straks klar med nytt album. Arbeidstittelen er ”Jada, vi elsker”, og planlagt dato for lansering er 31. mars. Den fyrste singelen ”Opp fra veien ned” er allereie A-lista på NRK P1, noko som har blitt ein ”tradisjon” når Henning Kvitnes slepp nye album. Henning er ein fantastisk låtskrivar, og har i ei årrekkje blitt heidra for sine fantastiske tekstar, og fengande melodiar. Henning stille opp vel forberedt med eit uvanleg stort tal nye songar og velje frå – etter eit velfortent sabbatsår frå landevegen. Turné-repertoaret vil vere ei blanding av dei mest sommarslege og utåtvende nye songane, og Henning si lange rekke av hits og publikumsfavorittar frå hele karrieren. Bandet består av Freddy Holm, Omar Østli, Finn Tore Tokle, Eivind Kløverød og Jon Terje Rovedal. 

Opp fra veien ned

[youtube]uXIoG8UNrqU[/youtube]

Sånne som oss

[youtube]a72eFsqsGjE[/youtube]

 

 

AUSEKARANE

Gode tradisjonar er viktig! 

Ausekarane er etterkvart blitt ein viktig del av festivalen både som rein underhalding, men og som formidlar av den fantastiske kysthistorien vår! Me set stor pris på at Tor og Bjørn tar med seg resten av gjengen og legg turen til Tysnesfest igjen.

Med plata “Spelar for Livet” og videoen til songen “Ausedansen”, har Ausekarane verkeleg tatt steget opp i folk sin medvit. Ausekarane består av frontfigurane Tor Endresen og Bjørn Jensen, som saman med dei anerkjente musikarane Jan Arne Knutsen – gitar, Svein-Tore Hindenes – trekkspill og keyboard, Tore Mæhle – bass og Espen Vågstøl på trommer. I tillegg til show og moro er høg musikalsk kvalitet Ausekarane sitt kjenneteikn.

 

Ausekarane har dei siste åra blitt ei av Vestlandets mest populære grupper. I 2010 vart dei av Bergens Tidende sine lesarar kåra til Bergens beste sceneoppleving i konkurranse med artistar som Marit Voldsæter og oppsetjingar på Den Nasjonale Scene.  I fjor sommar, under Tysnesfest, gjekk dei inn på 1. plass på VG- lista med deira siste album «Farande fant».

Heimesida til Ausekarane.

Ausedansen

[youtube]H8QnDUmT9_U[/youtube]