Julekonsert med Mariann Juvik Sæbø

Publisert av:
13/12/2013 08:02

Songartisten Marianne Juvik Sæbø kjem laurdag til Tysnes og julekonsert i Tysnes kyrkje. Saman med Tysnes musikklag, Tysnes kammerkor og Tysnes skulekorps skal ho vera med å gje publikum på Tysnes eit musikalsk pusterom i ei travel førjulstid.

 

– Det står utruleg mykje flott julemusikk på programmet under konserten i år. Marianne skal syngja kjente og kjære juletonar både til tonefylgje frå musikklaget og frå pianist Vidar Eldholm, fortel Arve Belt i Tysnes musikklag, som gler seg til å spela saman med songstjerna frå Askøy.

Belt fortel vidare at publikum og vil få høyra Camilla Sjøvold som kornettsolist saman med musikklaget, eit flott korprogram framført av Tysnes Kammerkor og julemusikk frå Tysnes skulekorps.

Han vonar mange tek turen i Tysnes kyrkja i morgon laurdag kl. 17.00.