Handballhelg i hallen
8/12/2013 21:18
Fyrst ut var Jenter 13 i kamp mot Nore Neset frå Os. Dei kjempa hardt og lenge. Etter fyrste omgang såg det lyst ut, men kampen enda med tap 9-14.
Etterpå var det Jenter 12 som skulle ta eit oppgjer med Kvinnherad, og det gjorde dei. Kvinnherad måtte sjå seg slått 17 –10 av spreke Tysnesjenter.
Så var det Gutar 16 sin tur. Dei har slite utover i sesongen med å få spelet til å flyte. Vi merkar godt at det er eit høgare nivå på både spel og spelarar hjå motstandarane no enn tidlegare år. Gutane kjempa som løver lenge, men det var David mot Goliat. Etter fyrste omgang hadde ein enno håpet om å henge med. Utover i andre omgang rakna det meir og meir og det enda med dei sure siffera 13-38.
Til slutt var det Jenter 14 som slapp til mot Bjørnar, eit lag frå Arna. Kampen var jamnspelt men med våre jenter i leiinga frå begynnelse til slutt. Det enda med hyggelege 20-13 til våre jenter.
Tekst og foto: Jørgen Knudsen