Tysnesing på Norge Rundt
22/11/2013 20:45
Det er November men også Movember.
Mo står for bart og organisasjonen Movember samlar inn pengar til forskning på prostatakreft og set fokus på psykisk helse
Det var konkurranse om kven som hadde den finaste barten mellom Universitetet i Bergen og BI. På BI sitt lag deltok mellom anna Tysnesingen Endre Boland.
Reportaren hadde fått nyss i at Endre hadde ikkje berre ein, men to bartar!
Endre bretta opp erme og synte fram ein flott tatovert bart som han hadde teke på ein ferietur.
På spørsmål om han fekk meir sjans på damene med ein slik fin snurrebart, svarte han noko unnvikande, men han måtte innrømme at han i alle fall fekk mykje oppmersomheit…
Dommaren var noko skeptisk til lengda på snurrebarten til Endre, etter berre tre veker, og då måtte ein smilande Endre tilstå at det kunne vere han hadde juksa litt. Dermed vart det UiB som gjekk av med sigeren i denne uhøgtidelige konkurransa.