Publisert av:
4/9/2013 16:37
Speleglade Tysnesingar
Tysnes kommune er den einaste kommunen i Hordaland der ein har registrert auka omsetning for Lotto. Tysnesingane auka innsatsen sin med 0,9%, og spelte for kr 1 012 816 1. halvår i år noko som utgjer kr 370 per innbyggar.
På landsbasis ser ein tydeleg svakare tal for Lotto, Oddsen, Joker og Flax.
Med unnatak av Joker har derimot Tysnesingane spelt meir på desse spela.
For Norsk Tipping var den totale omsetninga på Tysnes 3 859 828 1. halvår, dvs kr 1 411 per innbyggar. Ei auke på 14,7% i høve til same periode i fjor.
I følge statistikken for Sunnhordlandskommunane er det berre innbyggarane på Stord som satsar meir pengar med kr 1540 per innbyggar.