Tysnes Ungdomsskule avgangsklasse 1973
19/5/2013 07:08
Tysnes Ungdomsskule avgangsklasse 1973
Tid for 40 års jubileum, laurdag 24.august 2013 klokka 19:00
NESHAVN, i løo te Roald Nesse
Kjære medelev
Me i komiteen vil invitera deg med på feiringa av at det i år er 40 år sida me som var fødde i 1956 og 1957 gjekk ut av Tysnes Ungdomsskule i 1973. Me var då det første ungdomsskulekullet i Tysnes Kommune si historie. Denne gongen vil me laga ei uformell ramme rundt jubileet. Me ynskjer å invitera dåke til Roald Nesse si oppgraderte løa på Nesse Gard, Neshavn.
PROGRAM:
19:00 Låvedøra vert opna
19:00-20:00 Mingling og velkomstdråpar
20:00-22:00 Fiskesuppa frå Mandelhuset m.m.
Rundt midnatt Noke å bita i
02:00 På tide å sjå heimom att?
Me jobbar med å få te noke i høgtalarane me kan svinga oss etter
PÅMELDING: Du betaler til kontonummer: 3525.40.47501
Jubileumsfest v/ Arnhild Sletteskog Lunde, 5690 Lundegrend innan 1. juli 2013
Hugs å skriva namnet ditt i beskjed feltet på giroen
PRIS: 600 for alt saman.
Ynsker du noko å leska strupen med, tek du da med sjølv
LÆRARAR: Var du lærer for oss denne tida, og du ynskjer å vera med på festen, er du hjertelig velkomen til å vera med oss, på same vilkår som elevane dine
KONTAKTPERSONAR:
(Klasse, Namn, Telefon, e-mail)
9A: Audun Magnussen, 95 18 94 16, audun.magnussen@akersolutions.com og
Roald Nesse, 91 82 54 65, ekronesse@gmail.com
9B: Ruth Sletteskog, 95 87 86 13, rsletteskog@gmail.com og
Rune Lunde, 90 78 67 47, Rune-lunde@haugnett.no
9C: Arnhild Sletteskog Lunde, 90 07 32 41, arnhild@haugnett.no og
Asbjørn Myklestad, 95 88 43 83, asmy@haugnett.no
9D: Vigdis Frugård Tvedt 48 04 17 35 vigfru@gmail.com og Astrid Vevatne 99 25 64 29 astrid.vevatne@haugnett.no
Denne innkallinga vert annonsert på nettstadane ‘Tysnesingen’, ‘Tysnes i gamle dagar’, samt noka spreiing på Facebook
Me kjem ikkje til senda straumpost eller ringja den enkelte ‘elev’