Publisert av:
12/4/2013 06:21
God underhalding frå G16 Njardar/Tysnes mot Jondal
Etter ein nølande start med mål i mot fekk Njardar spelet sitt til å flyta betre. Utover i 1.omgang fekk dei til mykje av det som har blitt trena og terpa på i heile vinter. Fram mot pause var Njardar det dominerande laget og leda 4-3. I starten av 2.omgang var det flott fotball med godt pasningsspel. Heimelaget viste god innsats kampen ut, og vann til slutt 7-5.
Dei frammøtte fekk god underhaldning, og servering frå kiosk med ferske vaflar og kaffi. Vel møt til neste heimekamp!
[bilder]