Illustrasjonsbilete

No startar hundedagane

Publisert av: Martha Nygård Lande
23/7/2021 09:55

Hundedagane,  eit namn på perioden frå 23. juli til 23. august.

Kvifor “hundedagane”?

Hundedagane kjem frå det latinske uttrykket dies caniculares, som har samanheng med Canicula, “liten hund”, som er det latinske navnet på stjerna Sirius.

Namnet kjem truleg frå det gamle Egypt. Om morgonen 23. juli, kan ein sjå Sirius på himmelen, og at stjerna viste seg, markerte starten på den varmaste tida på året, og dei neste fire vekene vart kalla hundedagane.

Illustrasjonsbilete

 

Det er mange forestillingar rundt hundedagane. I fylgje gammal overtru, var hundane farlege for menneske i denne perioden. Det hadde truleg samanheng med at dette var årets varmaste periode, og ein meinte at hundane vart gale av varmen.

Mange meiner òg at ein finn ein del værteikn i denne perioden. For eksempel seies det at dersom hundedagane  går inn med godt vær, går dei ut med uvær. Går dei inn med uvær, går dei ut med godt vær.

Andre tradisjoner sa at slik været var på fyrste hundedagen, slik skulle det bli heile månaden. I Hallingdal heitte det at slik været var tredje hundedag, slik skulle det bli i tre veker.

Over store deler av østlandet, vert hundedagane kalla “røtmånen” eller “røtnmånen”. Dette namnet kan koma frå det lavtyske rodedage, der det fyrste leddet betyr hund. I den folkelege etymologien er så dette ordet kobla til råte, eller forråtnelse, då hundedagane er ein varm periode kor mat og mjølk raskt kan verta skjemd.