Morgonstemning frå Snorre B

Publisert av:
23/1/2013 16:53

Her ute på havet får ein eit nydeleg fargespel i horisonten.

Vinterkulde med klare netter, kombinert med skyer i det fjerne, gjer utruleg flotte fargar.

Måtte berre opp på helikopterdekk i dag for å prøve å fange den fine stemninga.

Trass i at me flyt og svingar litt att og fram i bylgjene, vart det nokolunde fine eksempel på vår flotte morgonstemning her ute.