Publisert av:
10/11/2012 09:09
Ein del nedbør
I går sendte NVE ut flaumvarsel i Hordaland og Rogaland for fredag og laurdag, der dei venta raskt aukande vassføring frå fredag ettermiddag/kveld og utover dagen laurdag.
Nokre plassar på Tysnes har det vore overvatn på vegar natt til laurdag, men det har ikkje vore verre enn at ein har kunna køyra normalt over det.
Sjølv om det er høg vassføring i enkelte elvar, ser det ut til å ha roa seg litt med nedbøren utover laurdag føremiddag.