70-sone og fotoboks

Publisert av:
10/5/2011 19:46

Det er ikkje på Tysnes dette, men mange tysnesingar køyrer Halhjemsvegen ofte, så me tar det med.

Midtsiden.no melder at Statens vegvesen har bestemt å setja ned fartsgrensa frå 80 km/t til 70 km/t på E-39 mellom Halhjem og Moberg. I tillegg får strekninga mellom Ulvenskiftet og Storestraumen redusert hastigheit.

Ved Lepsøykrysset vil no fartsmålaren bli erstatta med fotoboksar i begge retningar. Politiet opplyser til midtsiden.no er eit tiltak for å få ned farten ved det ulukkesbelasta Lepsøykrysset. Det er enno ikkje klart kva tidspunkt fotoboksane kjem.