3 meter frå kval

Publisert av:
18/7/2010 20:26

Då Leithe og dei andre på beredskapsskipet Skandi Stord laurdag hadde øving, fekk dei brått auge på ein kvalflokk!

– På det næraste var dei om lag 3 meter frå oss! fortel han til Tysnesingen.

– Me vurderte å hoppa uti til dei, men fekk høyra på radioen at det var observert spekkhoggar i nærleiken, så me lot vera, fleiper han.

– Fuglane kom med ein gong me heiv snøret uti, sjølv om ikkje det var napp å få og me ligge midt ute i Nordsjøen, sluttar han.