20 turar Blåbærhaugen opp

Publisert av:
29/8/2015 13:02

Onarheim Bygdalag og Onarheim Idrettslag vil vera med og markere Friluftslivets år, og i den forbindelse utfordrar dei alle til å gå 20 turar til Blåbærhaugen, på Onarheim mellom 1. september og 31. oktober 2015.

Det vert lagt ut registreringskort i postkassen på Blåbærhaugen. Dette tek du sjølv vare på, og skriv navn, telefon nr. og dato for kvar tur.

Når kortet er fullt kan du levere det til:
Heidi Røssland (tlf: 99210118) eller
Magne Storesætre (tlf: 93053058)

Det vert trekt ein vinner blant dei som fullfører 20 turar i løpet perioden.
Vinnaren mottek eit gavekort på kr. 1 000,-
I tillegg vert det trekt nokre gavepremiar blandt alle deltakarar.

God tur!