Publisert av: Vegard Aslaksen
26/3/2018 19:26
1. Plass til Anna Dorthea under NM i benkpress i helga
NM i benkpress vart arrangert av Christiania Atletklubb i Bjølsenhallen i Oslo på laurdag.
Anna Dorthea fekk godkjent 165 kg i andre løft. Det vart ingen ny personleg rekord men løftet heldt til 1 plass og beste juniorløftar. Nok ein gong ein knallsterk prestasjon. Tysnesingen.no gratulerer!