Publisert av: May Britt Meland
9/10/2018 18:28
Yrande liv
Sist laurdag var det Oktobermarknad i Våge.
Her var ansiktsmaling, hoppeslott og kappløp for barna.
På parkeringsplassen ved SvingenPuls var det sett opp salgsboder.
Skulekorpset laga god steming med flotte tonar, og i tilleg hadde dei ei tombolabod der ein kunne freista vinnarlukka.
Selgarane baud på både god lokalmat, nydelege teikningar, flotte luer og barneklede og mykje, mykje meir.
-Ein riktig koseleg haustdag i Våge fortel Rannveig Ljostveit Helland som driv leikebutikken i Våge.