Drog i land sigeren

Publisert av: May Britt Meland
26/8/2020 13:00

Fyrste seriekamp vart ein triller, men Tysnesgutane drog i land sigeren 3 min før slutt.

Noah Aslaksen jobba godt og hadde laga to flotte mål før kvarteret var spelt, i tillegg produserte han og laget fleire målsjansar i denne perioden. 3-0 sette Mathias på straffe etter at Jonas Hagen-Lunde vart for rask i straffefeltet. Flott spel føre 4-0, der Mathias finn Tobias D Hagen som har funne rom på bakerste. Fortjent 4-0 leiing til pause.

2.omgong bar preg av slitne bein og skader, men innsatsen var likevel enorm. Askøy klarte å justere litt og var brått kun eit mål bak. Når utlikninga kom fekk me sjå kva desse gutane er laga av og dei ville ikkje tapa denne kampen, skapte fleire halvsjanser før laget får sin 2.straffe på Askøybanen. 3 minutt før slutt set Mathias ballen i nota bak keeperen for andre gong på straffe til stor jubel.

Ein god start med siger i fyrste kamp.

Tekst og foto: Ronny  Hagen