Eivind Økland med dottera Johanna Daltveit Økland. Foto: Jorunn Aasheim Økland

Yngst på toppen i dag

Publisert av: May Britt Meland
5/8/2018 19:17

Vesle Johanna på berre 6 månader, var yngste deltakar til topps då Lundegrend Idrettslag i dag arrangerte Såtetrimmen 2018. -Den eldste på toppen i dag var 81 år, så det var god aldersspredning blant deltakarane.

Sjølv om véret ikkje var heilt topp, var det flott fjelltur-vér, og 120 personar nytta søndagen til ein fin tur med sosialt samvær 753 moh.

Dugnadsgjenen, også kjent som «trøste og bærekameratane» var oppe allerie laurdagen med saft, lavvo og andre småting.
Rjommegrauten vart sjølsagt boren opp tidleg søndag. 34 liter graut og 20 liter saft gjekk ned på høykant!

 

Foto: Jorunn Aasheim Økland

Foto: Aksel Lunde

Foto: Jorunn Aasheim Økland

Foto: Jorunn Aasheim Økland

Foto: Jorunn Aasheim Økland