Vuvuzelaen til Tysnes

Publisert av:
3/7/2010 12:40

Til glede for nokon og til irritasjon for andre… Som under VM i Sør-Afrika har også vuvuzelaen funne sin veg til Tysnes Sparebank Cup.

Det er laget Frank sine gutter som har utstyrt supporterskaren sin med vuvuzelaer og dei let godt høyra frå seg på Reiso.

Cupen fekk i dag full klaff med veret. Dei første kampane starta i dag klokka 0900 og eit par-tre timar var det overskya og perfekt spelever. Etterkvart kom sola gjennom og svetten pipla nok meir fram på dei spelte utover dagen.

Dei siste kampane i innleiande er ferdig rundt halv åtte i kveld. Sluttspelet startar i morgon klokka 1200.