Vurderer framtida til kyrkjene

Publisert av:
20/11/2011 19:30

På bt.no er det i dag ein artikkel der prosten i Nordhordland og Ytre Sogne, Geir Sørebø, meiner at avvikling av kyrkjebygg blir ein av dei store debattane for Den norske kyrkja i åra framover.

Mange av kyrkjebygga er dyre å halda i drift og lite tenlege til dagens behov. Så i staden for å leggja ned prestestillingar og kutta i aktivitet, kan Sørebø heller tenkja seg å akseptera nedleggjing av kyrkjer.

I artikkelen vert også sokneprest Mari Isaksen Isdalen i Tysnes intervjua. Reksteren kyrkje vert nemnd som døme med ei kyrkje med få faste kyrkjegjengarar, i snitt møter færre enn fem, sjølv om talet kan auke noko når hyttefolket er heime.

Til bt.no seier Espedalen at ho tenkjer at ein må ta debatten og vurdere kva ein vil med kyrkjene i framtida. – Verda endrar seg, kyrkjene er dyre bygg å ha til pynt, seier Espedalen til bt.no.

Les heile saka her >>>