Visit Sunnhordaland
15/2/2017 10:51
Visit Sunnhordaland
Reiselivsportalen www.visitsunnhordland.no, er Sunnhordaland sin regionale reiselivsportal. Den er tilpassa mobil, nettbrett og vanleg «desktop»-versjon og er på norsk, engelsk og tysk.
Sida er godt illustrert med fine bilde fra regionen.

Her finn ein mellom anna turtips, aktivitetar og attraksjonar i regionen, oversikt over overnattingsstader og restaurantar. I tillegg er reisetips samt kulturkalender som viser arrangement, teater, festivalar mm i heile regionen. Alle kommunane i Sunnhordland har i tillegg fått si eiga side der “alt” er samla. Denne finn du under menypunktet “Oppdag regionen”.
Om du vil gå på tur i det vakre fjellandskapet, eller kanskje du vil på bretur i Folgefonna Nasjonalpark? Eller kanskje du vil padle eller sykle på tur? Her finn ein mange gode tips og turar.
Dei som driv ei reiselivsbedrift kan ta kontakt med oss og få synlighet på portalen visitsunnhordland.no Då opnar det seg i tillegg moglegheiter for å vere synleg via Fjord Norge og Visitnorway sine reiselivssider. Her kan ein nå også ein stor, internasjonal marknad.
