Vintertid

Publisert av: May Britt Meland
30/10/2021 20:03

I natt skal klokka stillast til vintertid. Vintertid startar søndag 31. oktober kl 03.00. Då skal klokka stillast ein time tilbake.

Sommartida vart opprinneleg innført for å spare straum fordi det ga fleire lyse dagtimar der folk var vakne. I dei fleste europeiske land vart sommartida innført i 1980. Det er derfor vintertida eigentleg er normaltid, og som engelsktalende land seier: standard time.

Vil vi måtte stille klokka i åra framover?

Det har i fleire år vore diskutert om ein skal avvikle sommartida.
I mars 2019 stemte eit fleirtal i Europaparlamentet imidlertid for å avskaffe den europeiske sommertida.

Europaparlamentet ynskjer at kvart land sjølve kan bestemme om ordninga skal avskaffast – men forslaget skal fyrst endeleg vedtakast av EU-landa i Ministerrådet før det kan tre i kraft. Akkurat no er det veldig usikkert om det vil skje.