Blir dette siste gongen me stiller klokka?

Publisert av: Martha Nygård Lande
27/10/2018 08:55

Natt til søndag 28. oktober skal klokka stillast ein time tilbake. Kanskje er det siste gangen me gjer det, men den avgjersla skal tas av EU parlamentet. I følge ein artikkel i BT kjem det fram at grunnen til at det vart starta med veksling mellom sommer- og vintertid, var for å spare energi. No visar nyare forskning at energisparing i våre dagar er marginal. Les meir om saka i BT her.

Søvnforsker Ståle Pallesen meiner permanent vintertid er det beste for oss, og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen vil at folket skal avgjere om ordninga med å stille klokka skal fortsette. Han vil ha «nettstemming» om denne saka. Du kan lese meir om det hos NRK her.