Vindfullt og surt

Publisert av:
8/8/2016 10:49

Mange var nok forvetningsfulle og gledde seg over at ein, etter eit pauseår i fjor, i år kunne få ta turen til Tysnessåto på den tradisjonelle Såtetrimmen. Men vërgudane var ikkje på lag med arrangør Lundegrend Idrettslag, det bles friskt og regna. 

Friskt på toppen!

Eit glimt av Myrdal Gaard.

Aksel Lunde i Lundegrend Idrettslag er imponert over deltakinga, og kan fortelje til Tysnesingen.no at dei reigstrerte 111 personar på toppen søndag 7. august.
Spreke hjelparar bar opp heile 33 liter graut og like mykje saft.

– Det var kjekt å sjå at folk kan kle seg, og komme seg ut sjølv om sola ikkje skin.
Neste år vert Såtetrimmen arrangert søndag 6. august.
-Og då håpar me på strålade sol og mange strålande deltakarar, seier Aksel Lunde.

Kanskje regnbogen i dette biletet gjev håp om betre vër til neste år?