Vin billegare enn medisin

Publisert av:
14/5/2009 18:18

Det er BA som har i gårsdagens avis hadde eit større oppslag om at det var billegare å bestilla alkohol enn medisin. For her i kommunen er det som kjent verken pol eller apotek.

I kommuner utan vinmonopol, med minimum tre mil til næraste butikk, spanderer Vinmonopolet frakta. Dette fordi det er eit ynskje om mest mogleg rettferdig fordeling. Medisin frå apoteket må du imidlertid betala porto for.

Polet tapar pengar på å ikkje ta frakt for senda dei edlare dråpane i posten til tysnesingane.  Men det ville vore enno meir kostbart å oppretta og drifta ein butikk i ein liten kommune. Det seier kommunikasjonsleiar Halvor Bing Lorentzen hos Vinmonopolet.

BA spør kvifor ikkje Apotek 1 yt samme service som polet. Apotek 1 meiner det er eit politisk spørsmål, som den sitjande regjeringa må svara på.

———–

Magne Skartveit kommenterer:
Postsending er relativt dyrt. Tysnes Legekontor brukar Apotek 1 Stord som sitt hovedleverandør. Sending med gjennomgåande Tide-buss frå Stord kl. 12,50 når medisinutsala i Uggdal, Våge, Årbakka og Lunde tidleg på ettermiddag. Sending med buss vert vesentleg billegare enn sending i post. Men varene må då hentast på medisinutsalet. Apoteket må ha reseptane før kl. 12 for at dei skal nå fram til medisinutsalet same dag. Hvis resepten blir send pr. post og merka med kva medisinutsal som skal ha den, er den klar til henting på medisinutsalet dagen etter.