Vil laga “live”ferje-TV

Publisert av:
31/7/2013 06:52

I ein artikkel i kvinnheringen.no kan ein lesa om Fosse, som tidlegare har hatt fleire jobbar på Tysnes, sine innovative planar.

Grethe Solheim og Arve Fosse i selskapet Go Tid driv restaurasjon om bord på MF Sveio, som berre har salong under dekk.

No ynskjer dei å få senda direktesendt tv av overfarten nede i salongen. Det vert no jobba med å få fullfinansiert dette unike prosjektet i ferjesamanheng. Dei meiner dette kan verta ein veldig god reklame for Kvinnherad.

Tanken er eit kamera i mastetoppen i kvar ende på ferja, med kabel ned til to 40 tommar storskjermar i begge endar av salongen under dekk. Les heile saken i Kvinnheringen.no.